onsdag 14. august 2013

Kan det verte betre?

I går kveld tok eg og min 9 år gamle son ein tur ut i bærhagen vår.
Dette er absolutt noko av det beste ved å ha hage.

Berre sjå kor deilig!:

Bringebær, ripsbær, solbær og markjordbær.
Vi sette oss ned i sofaen med kvar si skål med bær
 og vaniljesaus, nam!

Vi har stikkelsbær, bjørnebær, jordbær, blåbær og noko som heiter jostabær òg. Jostabær høyrest litt oppdikta ut, men eg kjøpte bærtreet på hagesenteret i fjor. Det er ei blanding av stikkelsbær og solbær og smaker nydelig godt.
Hage er mykje meir enn blomster og no på seinsommaren
er bæra på sitt beste her på Sunnmøre.

Om eg kun hadde hatt plass til ein plante i hagen min,
måtte det ha vore eit ripsbærte. :)


2 kommentarer:

Anonym sa...

Noe igjen ?

Nina sa...

Ivar?