Viser innlegg med etiketten Grønsakshagen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Grønsakshagen. Vis alle innlegg

mandag 7. mars 2016

Våren har starta i drivhuset

I år har eg prøvd meg på nye ting. Blant anna vannmelon og mais! I tillegg har vi sådd tomat, paprika, agurk og squash. Av blomster er det klokkeranke eg har sådd no.

Det spirer godt i drivhuset no:

Tomat, agurk, vannmelon, squash og paprika.

Mais.

Ungane har sådd kvar sine solsikker i dag. Skal tru kven som får den største?

Grasløken spirer voldsomt. Den har stått inne i drivhuset i vinter.

Heggstiklingane eg tok i fjor sommer kjem også fint opp.

Så gøy å få starte på hagesesongen så tidleg! Andre våren med drivhus dette.

fredag 25. september 2015

Drivhustaco

Ja, i dag har vi taco med grønsaker vi har dyrka i drivhuset, og det er sånn stas! 


Agurk, snack paprika og tomater. Maisen skal vi ikkje skryte på oss da. 

Neste år må vi prøve oss på endå fleire grønsaker!

onsdag 12. oktober 2011

Supergode gulrøter!

Ja, vi var litt seine med å så gulrøtene våre,
så dei er ikkje komne i hus før no.
No er det fare for nattefrost, så sjølv om alle
ikkje var like store og fine som desse under her,
måtte dei berre takast.

Vår nærmaste familie her i nabolaget fekk kvar sin bunt å kose seg med. Gulrøtene er berre kjempegode! Synd eg ikkje finn att frøposen, men det kan hende eg kan finne den samme frøposen igjen når eg ser den.

Det vart ein stor stamp med gulrøter, store og små. :)

Neste år skal dei såast iallefall ein månad tidlegare enn i år,
pluss dei skal få litt bedre plass. Nokre av dei hadde kun utvikla masse grønt hår, men ingen rot...
Jaja, første året med gulrøter, lærer så lenge vi lever. ;)

Er det nokon som har gode tips til oppbevaring av gulrøter?
Syns å huske frå barndomsheimen at dei låg i kasser med sand?


fredag 20. mai 2011

Sukkererter

Vi har planta sukkererter i år igjen vi!
Vi brukte 1.mai til det, så nå er plantane 2-3 cm høge.
Dei ser sterke og flotte ut.

Det er så deilig å plukke seg ei heimedyrka sukkerert.
Dei er ekstra gode og saftige med masse smak. Nam!

Vi går for brytsukkerert.

Minstemann, smukkebanditten, i full gang
med å putte sukkererter i hola.
Vi bruker fortsatt gjenbrukstrappa som plantekasse for sukkererterne.

Eg fann ut at det nok var best at eg laga hola,
sånn at ikkje alle ertene havna innanfor ein radius på 2 cm,
omtrent sånn som julekulene gjorde på treet vårt i jula. ;)

Eldstemann var også med å sette sukkererter.
Han er også den ivrigaste knaskeren av oss alle. :)