No må vi ikkje gløyme fuglane. :)
Det er lite insekter ute no for tida,
så litt frø og nøtter blir veldig godt imottatt av fuglane.
Her i huset er det andre året på rad vi lager vår egen fuglemat. Det er veldig kjekt. Ungane får lære litt om kva fuglane liker å ete og at vi kan gjere noko for å ta vare på dei no når det lir mot kaldere tider. Det gjer sjølvsagt samme susen med vanlig frøblanding og ferdiglaga meiseboller som er å få kjøpt i dei fleste butikkane, men om det ligg noko gammalt delfiafeitt i kjøleskapet og du har litt frø liggende, så er det fort gjort å lage sjølv!
Vi helte blandinga i plastbeger og knytte løkke på ein tråd som vi stappa nedi begera.
Eg hadde ei kokosnøtt liggende som eg kjøpte med fuglemat inni på Europris i fjor. Den tok eg vare på for å kunne bruke den igjen i år med vår egen fuglemat.
I blandinga vår brukte vi solsikkefrø, sesamfrø, linfrø, jordnøtter og havregryn som vi blanda med smelta delfiafett. No har vi ein hamster også som et både frø og nøtter, så vi hadde litt forskjellig liggende. :)
Lyst å prøve? Det er superenkelt! :)