lørdag 17. august 2013

Gamle møblar blir nye

Ungane har eit sett med hagemøblar som eg syntest trong ei lita oppfriskning. Dei er ikkje meir enn 5-6 år gamle, men lakken dei hadde då dei var nye var det ikkje mykje igjen av no. Dessutan synest eg at møblar godt kan vere litt friske i fargen for å setje litt særpreg både på møblane og hagen.


Dette området er ungane sitt med både leikehytte, sandkasse og borg. Og dei må sjølvsagt ha hagemøblar der. 


Denne rosebuen i bakgrunnen har eg planta rødkattebusk på kvar side av. Det skapar ein koseleg inngang til leikeområdet etterkvart som dei veks seg oppover mot toppen. Rødkattebusk har litt stort hjerteforma bladverk med rosa/kvit tupp. Den mister blada om hausten, men greinene er dekorative der der snirklar seg rundt om.

Fargen eg har brukt heiter Indigo dempet og er av den slitesterke sorten som er beregna for hagemøbler, vinduer og dører. Vinduskarmane og platten på leikehytta er måla i same farge.

Ein treng ikkje kjøpe nytt alltid.
Av og til trengs berre litt måling. :)

Ingen kommentarer: