Plukk litt mose og kongler, klipp av ei lita grein av ein thuja eller liknande og du har ein god start på ein haustdekorasjon som kan stå ute på trappa i haust og vinter. Eg kjøpte meg ein lyng (og eit par pyntegresskar som eg brukte i tillegg på min dekorasjon. Eg la litt singel i bunn og fylte på med mold, planta lyngen og la på mosen, konglene og gresskara, så stakk eg til slutt nedi ei lita grein fra microbiotaen i hagen min (ser ut som ei blanding mellom thuja og einer).
Denne ga eg bort som ein del av bursdagspresangen til svigerinna mi, så eg får ta meg ein tur ut igjen å plukke inn litt naturmaterialer å lage meg ein til mi trapp. ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar