No har vi plutseleg hoppa nesten to år fram i tid. Det er no våren 2007. Vi har plukka mange hundre kilo stein, raka og planert ut, klart til å så plen både bak og foran huset. Det er fortsatt skrint med planter, men vi har her starta å plante hekk. Kantsteinane har vi funne på tomta og lagt sjølve. Eg korrigerte litt på plasseringa av steinane for ikkje så lenge sidan for å få ei litt rettere linje. :)
Eg og Sverre i full gang med å plante thujahekk. Eg syns den veks ganske sakte, men etter å ha sett disse bilda, innser eg at den nok har strekt seg mykje både opp og ut på vel tre år. ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar