Det går framover! Det er våren 2008 og hytta er for lengst innflytta. Sverre har fått seg sklie ned langs skråninga og vi har lagt grasarmering utanfor hytteområdet der det blir mest trafikk. Då slepp vi nemleg problemet med moldete støvler inni hytta, og det har funka! ;)
Vi fekk også fylt opp med jord og sådd plen inntil terrassen vår. Eg har alltid hatt eit ønske om å kunne gå rett frå terrassen og ut på marka, og det kan vi no! :) Veldig praktisk og lettvint for ungane også.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar