mandag 7. mars 2016

Våren har starta i drivhuset

I år har eg prøvd meg på nye ting. Blant anna vannmelon og mais! I tillegg har vi sådd tomat, paprika, agurk og squash. Av blomster er det klokkeranke eg har sådd no.

Det spirer godt i drivhuset no:

Tomat, agurk, vannmelon, squash og paprika.

Mais.

Ungane har sådd kvar sine solsikker i dag. Skal tru kven som får den største?

Grasløken spirer voldsomt. Den har stått inne i drivhuset i vinter.

Heggstiklingane eg tok i fjor sommer kjem også fint opp.

Så gøy å få starte på hagesesongen så tidleg! Andre våren med drivhus dette.

fredag 25. september 2015

Drivhustaco

Ja, i dag har vi taco med grønsaker vi har dyrka i drivhuset, og det er sånn stas! 


Agurk, snack paprika og tomater. Maisen skal vi ikkje skryte på oss da. 

Neste år må vi prøve oss på endå fleire grønsaker!

onsdag 16. september 2015

Likør av stikkelsbær og jostabær

Stikkelsbær er ei sånn bær som er litt vanskelig å vite kva ein skal gjere med. Jostabæra likeså. Du et liksom av dei frå bærbuska, men resten blir som regel hengende der.

Eg såg nokon som hadde laga stikkelsbærlikør og dei sa det var kjempegodt, så eg tenkte eg og skulle prøve.

Då vart det ei blanding av stikkelsbær, jostabær, sukker og sprit.


Det må stå i nokre månader og glaset må vendast kvar veke. Så skal det silast og smakst til med evt. meir sukker. 

Det har vorte ein nydeleg rosalilla farge på den no frå den mørke jostabæra. 


Vi får sjå til jul om den er klar. Visst ikkje blir det påskelikør. 

mandag 14. september 2015

Den som venter

Vi har venta og venta på sommerfuglane. Ei heil veke med blomstring på sommerfuglbuska, men berre humler og bier å sjå.


Men så! Plutselig var den der, ein einsleg admiral. 


 
Sidan har det kome fleire. Eldstemann talde iallefall fem på ein gong, men i år er det ikkje som i fjor. Då var det flusst av sommerfugler. Vi får vente litt til å sjå.

torsdag 27. august 2015

Gassgrillen som vart plantebord

Eg prøver som regel å finne ny bruk for gamle ting og ting som ikkje kan brukast til det dei var meint å brukast til lenger.

Ein av dei tinga eg har laga er eit plantebord, som eg absolutt hadde bruk for.
Utgangspunktet var ein gassgrill som vi ikkje lenger kunne bruke til å grille mat på.

Eg demonterte sjølve grilltoppen og pussa og måla understellet. Mannen min laga til ei rustfri plate til meg som eg monterte på der grilldelen var montert før.

Her er resultatet:
Allereie godt brukt som de ser. Og med kjempepraktiske hjul om ein må flytte på det. Hylla under plata er rester av ei sandkasse vi hadde før vi bygde ei større ei. Resten av sandkassa har fått nytt liv som ramme til ein miniåker. 

onsdag 26. august 2015

Ei handfull med godt frå hagen

Eit lite knippe av det vi kan ete frå eigen hage. Eg blir meir og meir opptatt av å dyrke eigen mat. 

Vi er langt frå sjølvforsynte, men å kunne hente både grønsaker, frukt og bær frå vår eigen hage er utruleg givande.

No har vi hatt hage i 9 år og det vi har planta til no er eit plommetre, fire sorter epletre, eit søtkirsebærtre, tre ripsbusker, to solbærbusker, to stikkelsbærbusker (gul og raud), ei jostabærbusk, tre sorter amerikanske blåbær, jordbær og drueranke. 

I tillegg har vi i år sådd både gulrøtter, sukkererter, grasløk, tomater, agurk og paprika.

I drivhuset har vi også eit sitrontre, kumquait og oliventre.

Neste år vil eg satse på fleire grønsaker, så da må grønsakshagen bli ferdig i år helst. ;)

tirsdag 11. august 2015

Enkle grep for å skape blikkfang og friske pust

Eg syns at drivhus ofte blir litt grøne og einsfarga. Ingen fargeklatt i hagen akkurat. Men det skal litt nerver til å måle eit drivhus som er laga av sedertre feks. Heldigvis kan ein med ganske enkle grep skape farger i drivhuset uten å ødelegge fint treverk med maling. 

Store fargerike plastpotter skaper eit blikkfang og ei frisk stemning i drivhuset vårt. Ikkje store kostnaden og ikkje store krisa heller om det ikkje skulle bli bra resultat allikevel.

onsdag 5. august 2015

Besøk i drivhuset

Då eg gjekk inn i drivhuset i går kveld høyrdest det ut som det var eit helikopter der inne! Eg skvatt skikkelig og gjekk ut for å sjå frå utsida kva som var der inne.

Det var denne karen her:
Ein kjempetrekveps som forvilla seg inn. 

Med følehorn og eggleder var den ikkje langt fra like lang som lillefingeren min. Kroppen var ca 3 cm lang, men dei kan bli 4-5cm lange!

Den ser og høyrest veldig skummel ut, men den er, tru det eller ei, heilt ufarlig. Dei to lange broddane bak brukast ikkje til å stikke, men er faktisk egglederen og ei slags sag for å komme seg inni barken på bartrea. Denne kvepsen har heller ikkje gift og er ikkje spesielt interressert i oss menneske. 

Greit å vite når eit slikt monster som høyrest ut som eit helilopter kjem susande over deg.

torsdag 30. juli 2015

Lilla steintrapp

Eg såg eit bilete på nettet av ei trapp som var nesten heilt dekt av lilla blomster. Den var så nydelig at eg tenkte eg ville prøve meg på noko sånt sjølv og. Så eg tok med biletet til hagesenteret og spurte dei kva type planter dei trudde som var brukt på trappa. Eg fekksvar at det mest sannsynlig var krypstjerneklokke, så eg kjøpte med meg ein del av dei. Eg planta dei langs kanten av steintrappa mi og då eg kom heim frå ferie såg den sånn ut:



Eg er så fornøgd! Kjempefint vart det, og dei kjem til å vekse seg større og tettere etterkvart.
Syns dei legg seg veldig fint rundt steinane. Gleder meg til neste sommer allereie!

fredag 19. juni 2015

Fargeklatter i hagen

Eg har fått større behov for å bruke farger i hagen enn før. Det har resultert i fleire fargesprakende prosjekt. Siste i dag, plantekasser i pastellfarger:


Eg har brukt akrylspray. Den dekte veldig fint og tørka kjempefort! Blir nok ikkje det siste som får prøve sprayen desse her. :)

lørdag 6. juni 2015

Plommetre uten plommer

Vi kjøpte oss eit plommetre for seks år sidan. Det har nesten aldri blomstra, så i fjor flytta eg det med håp om meir frukt etter kvart. Eg var litt spent på om det ville tole å bli flytta etter så mange år, men eg klipte det godt ned og prøvde å få med så mykje røter som mulig. 



Det såg litt mørkt ut tidleg i vår, men no viser det livsteikn, så det blir spanande å sjå utover hausten om det kjem med nye skudd og kanskje frukt til neste år. 

tirsdag 19. mai 2015

Tørrskodd over

No når vi har fått så fin plass med drivhuset hadde det vore fint å kunne gå tørrskodd over frå verandaen.

Før var det gras mellom versndaen og betongplattingen:

Så etter litt fram og tilbake med designet, så falt vi på dette:



Veldig fornøgd med resultatet. :)

Må flytte litt på belegningssteinane sånn at den følger den nye platten og lager ei plengrense som resten. Då blir det også naturlig å gå opp på platten der den er skrå. Må ha litt å styre med.. ;)

søndag 3. mai 2015

Endeleg drivhus!

No har vi kjøpt oss drivhus som eg har ønskt meg i mange år. Det er så fint! Juliana heiter det og er 7-8 m2 stort. Det har herda klart glas og ramma er laga av sedertre.

Platten og støttemuren har vi bygd for mange år sidan, så vi trengte kun å lage ein liten sokkel til drivhuset.

Her er det under montering. Vi har festa drivhuset til sokkelen med bolter som går gjennom treverket og nedi sokkelen.

Ferdig montert! Og vi er kjempefornøgde. Det var ganske enkelt å montere sammen. Vi brukte ein kveld på å montere sammen veggane og ein dag på glasrutene.

Dagen etter vi var ferdige med drivhuset drog vi rett på eit hagesenter og handla inn vekster. Tomater, paprika, urter, sitrontre og ei form for sitrustre. Kunne ikkje vente på det eg har sådd. 😉

Skal henge opp gardiner på sørsida av drivhuset for at plantane ikkje skal bli svidd. Skal finne eit lyst og lett stoff som slepp gjennom masse lys.

Gleder oss til sommeren no! 😊

søndag 1. mars 2015

Vår på trappa

Då har trappa fått pynta seg med vårblomster. Deilig å kjenne våren i lufta her i dag. 

fredag 5. september 2014

Oppdatering på platt, levegg og bod.

Eg la ut før og etter bilde av ein sliten benk for litt sidan. No er også platten beisa og leveggen og boda måla. Her er resultatet:



Neste år vil eg investere i ein kosesofa der benken står og eit segl til tak. Gleder meg til neste sommer allereie. :)

Noko veks seg altfor stort


Marikåpa tok heilt over i bedet, så eg spadde dei opp å flytta dei til ein annan stad. Dei andre plantane fekk etterlengta sjå dagens lys igjen. Eg kjøpte inn nokre lavere stauder som eg planta i forkant der marikåpene stod:


Så får vi sjå neste år korleis dette veks seg til. ;)

søndag 3. august 2014

Oppfrisking av bed

Eg har lenge gått å sett på eit av blomsterbeda mine som sårt har trengt eit ansiktsløft. I dag tok eg spada fatt og sette igong! :)

Bedet før, eit skikkelig villnis som ikkje såg så værst ut på avstand, men som var uryddig og fullt av gras og ugras:



Etter:


Litt flytting av stauder og planting av vintergrønt i beda, samt luking rundt trappa og legging av duk og bark. Det laga eit mykje strammare og ryddigare uttrykk. 
Sjølv om eg eigentleg best likar fyldige bed med med massevis av stauder, så var det godt å få rydda opp i dette rusket. 
No har eg eit bed som ser fint ut både sommer og vinter. :)

søndag 15. juni 2014

Sliten benk vart ny

Vi kjøpte oss ein piknikbenk for tre-fire år sidan, som etterkvart har blitt sjåande ganske slitt ut. I år tok eg grep, vaska den med husvask og pussa raskt over bordplata og benkeplatene med litt grovt sandpapir. Så måla eg den med dør- og vindaugsmåling.

Her er den før og etter:



Den grå fargen heiter kontur. Den kvite hugsar eg ikkje i farta, men finn det ut om nokon lurer. :)

No gjenstår berre å beise terrassen og måle leveggen. Best å ta det viktigaste først... ;)

onsdag 4. juni 2014

Kveldstur i hagen

Måtte berre ha meg ei rekreasjonsrunde i hagen i kveld. Etter to lange dagar på messe og jobb hadde eg nesten abstinenser! ;)

Her er eit knippe bilete frå runda mi:












Og då er eg ferdig for i kveld. Lurer eigentleg på kva eg gjorde på før eg fekk meg hage...? :)