onsdag 16. september 2015

Likør av stikkelsbær og jostabær

Stikkelsbær er ei sånn bær som er litt vanskelig å vite kva ein skal gjere med. Jostabæra likeså. Du et liksom av dei frå bærbuska, men resten blir som regel hengende der.

Eg såg nokon som hadde laga stikkelsbærlikør og dei sa det var kjempegodt, så eg tenkte eg og skulle prøve.

Då vart det ei blanding av stikkelsbær, jostabær, sukker og sprit.


Det må stå i nokre månader og glaset må vendast kvar veke. Så skal det silast og smakst til med evt. meir sukker. 

Det har vorte ein nydeleg rosalilla farge på den no frå den mørke jostabæra. 


Vi får sjå til jul om den er klar. Visst ikkje blir det påskelikør. 

2 kommentarer:

Ingeborg Kringeland Hald sa...

Den blir sikkert god til jul. Jeg har laget noe tilsvarende tidligere med bær plukket på fjellet. Jostabær har jeg aldri hørt om, hva er det?
Hilsen Ingeborg

Nina sa...

Eg såg ei bærbusk på hagesenteret for tre år sidan som det stod Jostabær på, så den måtte eg berre kjøpe for å teste det ut. Det er ei blanding av solbær og stikkelsbær. Ser ut som store solbær, men er meir som stikkelsbær inni. Smaker av begge deler. Eg har ikkje sett dei til salgs etter eg kjøpte den, men godt mulig den er det for det.