mandag 26. mai 2014

Skråning før og etter

Det var litt på overtid å fikse opp skråninga nedanfor leikeområdet til ungane. Har liksom utsett det eit par år for lenge, men no tok eg meg i nakken og berre fekk det gjort! Utruleg kva eit nytt barkdekke og nokre kanstein kan gjere. 

Før:

Vanskeleg med grasklipping og barken raste ut på plenen etterkvart som ungane  tok "snarvegen" opp til leikeområdet. Det er ei trapp rett bortom sklia, men det er ikkje like gøy...

 Etter:

Eg la ny duk, nytt lag med bark og kantstein for å halde barken vekke frå plenen. Steinane har hol i midten, så eg fylte opp annakvar stein med kvit pyntestein og takløk i diverse variantar. Så får eg berre håpe at ungane høyrer på forbudet mitt om å gå i skråninga. ;)


2 kommentarer:

Unknown sa...

Ja dette ble stor forandring! Smart med takløk i hullene.

Fagertunhagen sa...

Så fint det ble! Spennende og kreativt med takløk i kantsteinene.