søndag 20. april 2014

No har det starta!

No har hagen verkeleg satt inn høggiret! Det har skjedd mykje på ei veke som de ser av bileta under her:

Rett før påske renska eg opp i beda. Fjerna mesteparten av det visne frå i fjor, klipte rosene og skar ein ny frisk kant på graset rundt kantsteinane.

Sjå her kor mykje som har skjedd på ei god veke! Og sjå kor mykje finare bedkantane vart etter at eg for over dei. 

Tips: Eg brukte ein gammal brødkniv og skar langs kantsteinane. Mykje enklare og reinare kant enn med spade.

Ingen kommentarer: