søndag 2. oktober 2011

Syrinplassen

Nok eit prosjekt er i gang i Ninas hage. :)
Eg kaller det syrinplassen, fordi det er planta syriner
i ein halvsirkel rundt den runde uteplassen.
Eg har eit gammalt sett med utemøbler som eg fann
på finn.no under gis bort, som eg skal gi ein makeover.
Dei skal få sin nye plass her og forhåpentligvis
bli mykje brukt neste år.

Her har eg lagt ut kantstein for å sjå om idèen til
det nye prosjektet er god nok til å starte på.
Det syns eg den vart og da er eg ikkje sein om å
ta spada fatt.

Her har eg spadd ut all den molda og steinen eg skulle,
med god hjelp av minstemann i familien; Smukkebanditten.
Det var overraskande god jord her, men det kjem
nok av at denne delen av tomta er fyllt ut med det øverste
laget av skråninga bakerst på tomta som var muld og lyng.
Eg har sortert ut all steinen av molda og tatt vare på
begge deler. Steinen vart brukt til å fylle ut i holet og
molda er lagt i ein diger haug borterst i hagen. :)

Steinen har komt i holet og ein del lecablokker vi hadde
til overs som berre låg og slang har eg pælma oppi her
og knust til passende biter så dei ikkje stakk for høgt opp.
Følte meg kjempebarsk der eg stod med slegga og knuste leca, hihi. :)
No skal resten fyllast opp med småstein og singel.
Har ikkje heilt bestemt meg for om eg skal legge heller
eller om eg berre skal ha singel her. Vi får sjå.

Her i nedre venstre bildekant er syrinplassen før
eg hadde starta. Syrinhekken gjekk i ei rett linje før,
men eg syntes det vart litt kjedelig og uromantisk.
Mykje bedre no, i halvsirkel. Må berre vente so
innmari lenge før den er stor og frodig!
Lurer på å kjøpe store syriner til 70% rabatt på
hagesenteret i stedet og bruke desse små andre plasser.
Velsigne tålmodigheita...

4 kommentarer:

Unknown sa...

Så fint det blir med stein og syriner ,det blir noe å glede seg til våren.(fin hage)
Marit.

Ninas hage sa...

ja, det var ikkje blomstring på dei i år, så håper det kjem neste år. :)

Ingvild sa...

Det blir kjempekoselig etterhvert! Har en diger syrinbusk selv, men hadde nok planta med lysthuseffekt omm jeg hadde hatt plass til det!

Nina sa...

Har kjøpt meg nye store syriner no. Gadd ikkje å vente på at dei små skulle vekse, så vips, no har eg 1.50 + høge syriner. :) Legg ut bilde av dei etter at stormen her på Sunnmøre har lagt seg. :)