mandag 13. juni 2011

Frukthagen tek form

Dei siste dagane har eg jobba med frukthagen.
Der har eg planta to plommetre og eit epletre.
Det er eit område med skråning og byr derfor på mange muligheiter!
Under mine prosjekter kan de finne plantegninga for frukthagen som eg har laga.


Her er steintrappa som eg har jobba med.
Det mangler berre eit par steiner no.
Det er så godt å gjere skikkelig grovarbeid!
Deilig å kjenne at ein virkelig har utfordra musklane.
Eg har velta, løfta, spetta, spadd og "brøtsja"
på plass alle steinane heilt på eiga hand.
Den nederste steinen her var ikkje å spøke med...
den trur eg at eg fekk på plass kun med stålvilje og rein staheit.
Alle steinane har eg funne på tomta.


Eg har laga bed på begge sider av trappa.
Eg har planta bla. rhododendron, hosta, astilbe og bregne her.
Opp langs trappa planta eg amerikanske blåbærbusker,
og i sprekkene mellom steinane har eg planta thymus og markjordbær.
Markjordbær veks naturlig her hos oss,
så eg har berre flytta nokon av dei. :)
Eg planta klematis og kaprifiol nederst i kvart sitt bed.
Dei kan fint brukast som bunndekkere,
for kan dei klatre, kan dei også krype. :)
Mellom bedet til høgre og singelen ved huset skal vi ha
ei stripe med plen for å få ned plenklipperen på ein enkel måte.
Vi skal ha gjerde frå topp til bunn av skråninga,
til sides for det venstre bedet.

Deilig å sjå at planane i haudet blir til noko! :)

Her ser de eit par bilder frå området før:



Det kjem ny oppdatering om ei stund,
når frukthagen forhåpentligvis har komt eit stykke lenger.
Det er planer om ein platting med ein benk øverst,
og den er i emning, men ligg ikkje i mine hender. ;)

5 kommentarer:

Anne C sa...

Dette ser veldig bra ut! Gleder meg til å se det helt ferdig!

Nina sa...

Takk! :)
Blir forhåpentligvis ferdig i løpet av sommeren. ;)

Hulda sa...

Så fin den steintrappa ble. Nydelig med stein i hagen.

Stakittet hos meg har mannen min saget ut av smal material, det er hjemmelaget.

Nina sa...

Tusen Takk Hulda!
Ja, stein er kjempefin kontrast i hagen. :)
Spørs om ikkje vi må prøve oss på eit heimelaga stakittgjerde vi også. Har du måla på ditt?

Ingvild sa...

Så spennende å følge med!