lørdag 18. september 2010

Nytt blomsterbed

I dag hadde eg tenkt å jobbe i trappebærhagen for å få den litt nærmere ferdig, men det var så sleipt av alt regnet at det var veldig vanskelig. Då bestemte eg meg for å jobbe på mitt neste prosjekt! Eit nytt bed ved den lille plattingen vår som er i enden av stien opp fra tørrmurbedet. Eg merka av med spade sånn ca korleis eg skulle ha det. Så spadde eg ut all torva og forbedra jorda med hagejord, kugjødselkompost og veksttorv. Sikkert litt i overkant, men sånn er det no. ;) Eg klarte forresten å treffe dereneringsrøret akkurat i kanten på bedet. Pussig nok sidan eg sjølv har lagt røret der...

Ca. tre-fire timer seinere (med innlagt matpause) var eg ferdig! Eg er så utålmodig at eg handler inn alt eg treng lenge før eg treng det. Men så er det veldig lettvint å ha alt liggende klart sånn at ein blir heilt ferdig med ein gong også da. :) No skal det berre nokre løker nedi jorda her, så er eg fornøgd.

2 kommentarer:

Randi sa...

Det var jo faktisk ganske så likt ja :-) Vart kjempefint!

Anonym sa...

Hei:-)
Hvilke planter har du brukt her?:) ble veldig inspirert!
-Camilla