lørdag 18. september 2010

Tørrmurbed

Eg kan ikkje skryte på meg noko arbeid på støttemurane, men tørrmurbedet kan eg ta fullt og heilt på mi kappe (ja, eg er litt stolt). ;) Vi var ikkje heilt sikker på kva vi skulle gjere med dette området på sørvest sida av huset. Men det låg mykje stein og slang, så...

...eg laga meg rett og slett eit tørrmurbed! Eg har ikkje brukt sement her. Kun nøye plasserte steinblokker (det var ikkje gjort på ein kveld nei...).
Eg fylte på med singel halvveis opp, så la eg duk og fylte opp resten med mold.

Etterkvart fekk eg lagt trappetrinn og singel. Under singelen er det duk.
Det kom litt planter i bedet også.

Sånn ser det ut i dag! Litt fleire planter, stien er ferdig med thymus planta mellom natursteinhellene eg har lagt ned og eg har laga meg ein liten stol (den brune steinen oppe i hørge hjørne). Det er alltid deiling, lunt og varmt her, så det kan passe med ein liten stol for å ta ein kaffe og planlegge neste steg (det er alltid ein plan på lur). ;) Lecamuren bak bedet skal vi kanskje pusse og måle. Den skal iallefall målast kvit, men er usikker på om vi kjem til å pusse den først. Lurer på å sette opp eit armeringsnett å plante klematis også, så da er det vel kanskje ikkje så nøye å pusse muren uansett?

2 kommentarer:

Solveig sa...

Du e no altso berre SO flink? Kor du fær alle ideane og all inspirasjon frå? Dåkke fær no en sånn kataloghage dåkke no :) Kjempefint!

Nina sa...

Ej veit ikkje kar det kjøm ifrå Solveig, plutselig e berre ideen der og då må ej berre utføre den. :) Laaaang lunte e en go ting å ha. ;)
Ej kan no drøyme om å få te en kataloghage da. D hadde vør nåkke d! Nye idea kjøm krypende allereie! :D