søndag 26. september 2010

Forynging av bærbusker

På heimstaden min, ca ein 10 min. båttur frå der vi bur no, er det nokre ripsbusker som har blitt altfor store etter mange år uten vedlikehold. I mangel på store busker i vår 5 år gamle hage og to hender som ikkje kan styre seg når det er ei greinsaks i nærleiken, måtte det uunngåelige skje.

Her er haugen av greiner som sikkert tilsvarer størrelsen av to av dei fem enorme ripsbærtrea eg tok.
Eg kaller dei ripsbærtre og ikkje busker av god grunn:

For å illustrere størrelsen på trea satte eg kameraet på sjølvutløysaren og stilte meg mellom to av bærtrea eg klipte. Eg er 1,60 høg, og som de ser er dei mykje høgare enn meg! Iallefall 2,5 meter høge og då seier det seg sjølv at det ikkje går å nå dei øverste bæra uten hjelpemiddel.
Dei tjukkaste greinene var opp mot 10 cm i diameter!

Her er nærbilde av det eine ripsbærtreet. Ein ska eigentleg ta greinene heilt inntil bakken, men greinsaksa var rett og slett ikkje stor nok. Må ta med sag neste gong. ;)
Som de ser er det no mykje lys inn her, men ripstreet hadde blitt så stort at det sjølv har sperra for alt sollys inn mot rota, så det har ikkje komt eit einaste nytt skudd her på mange år. Dei rotskudda som hadde prøvd seg hadde, etterkvart som det kom blad på trea, blitt kvelt av null lys. Dei nye skudda har komt opp langt ute på greinene og vokst rett opp for å komme ut til lyset.
Her måtte det drastiske saker til verks, men ved forynging av sånne busker som har blitt uhåndterlige, kan man ikkje ta alle gamle greinene med ein gong. Ein bør ta ca 1/3 første året, 1/3 andre året og siste tredjedelen tredje året. Då er busken heilt fornya og alle dei gamle greinene er borte. Forhåpentligvis er det då mange nye rotskudd som har danna ei ny, men foreløpig mindre busk.

Lærdommen her må vere å vedlikeholde buskene sine så det ikkje blir til ein uframkommelig skog.
Jada, fullt lovlig å tenke koffert her. ;)

5 kommentarer:

Anne (Moseplassen) sa...

det er det sjukeste jeg har sett. 2.5 meter høyt rips? erremulig...
Jaja, men rips er jo robuste saker, så når det bare får en par år på seg så vil de buskene der by på enorme mengder bær.

Nina sa...

Ja, satser på at bæra blir like stor igjen no som den var for noen år siden. :) Blir spennende å følge med til våren og sommeren.

Nina sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Arbutus sa...

2,5 bmeter høge ripsbuskar må vel vera einslags uoffisiell Noregsrekord. Sikkert lurt å satsa på årleg beskjæring heretter med mål om at ingen skot vert eldre enn 3-4 år.

Nina sa...

Jepp, det blir total fornying av ripstrea no etter tre år. Eg tok ein tredjedel i år, neste år blir det endå ein tredjedel og om to år tek eg den siste tredjedelen med dei gamle greinene. Etter det blir det jamt vedlikehold. :)

Så kjekt at du var innom bloggen min og kommenterte da Arbutus! :)