torsdag 16. september 2010

Den kinesiske mur

Utgangspunktet vårt for støttemur nr.2. Eller, det var vel denne som kom opp først når eg tenker meg om.
Her har gravemaskina hatt sin tur, så det var berre å få opp dampen å forskale sånn vi fekk støype og satt opp muren før heile leire#%&¤# rann ut igjen med regnet og vi måtte grave igjen. ;)
Men det slapp vi heldigvis!

For det vart meir og meir sommar og mindre og mindre regn. :) Eldstemann ville gjerne hjelpe til med å støype, men det vart med denne eine steinen. Visst ikkje hadde vi vel holdt på enda, for han tok seg god tid og gjorde sin flid med arbeidet. ;)

Muren kom opp den, heile 20 meter lang(!), og vi fekk singla området innafor muren mot terassen.
Det er mange trillebårlass med singel dette, spesielt når man må ned og rundt huset for å hente den for så å trille den i bratt oppoverbakke heile vegen tilbake. 
No har vi fått fylt ein del bak muren, men ellers ser det likt ut. Bortsett frå at i høgre nedre hjørne er det no ei steintrapp bygd av samme stein som muren av min flinke mann. :)
Det skal opp rekkverk på terassen her sjølvsagt, men tida strekk ikkje til med så mange baller i lufta på ein gong...

Ingen kommentarer: