torsdag 16. september 2010

2009 - mykje skal skje!

Våren 2009!
Vi har starta to store prosjekt. To støttemurer, med ei samla lengde på ca.30 meter! Her har mannen starta gravinga for den minste av dei to murane.

Gravinga er ferdig. Eit sjumilssteg! Vi hadde ergra oss lenge over dette området på tomta som berre fylte seg opp med vatn og vart ei einaste stor gjørme. Dei store steinane berga vi då tomta vart gravd ut. Dei skal nok komme til nytte! Eg planlegg ein sitjeplass bak desse steinane. Der er det fantastisk utsikt over havet. :)

Sidan mannen min var sveiser i 10 år og pga den litt uvørne forma på plattingen, tok han like gjerne å sveisa forskalinga med stålplater. :) Vi fekk fylt opp med stein og singel og lagt drenering, så var det klart for støypebil!

Og det var litt av eit syn. Vi har kun adkomst med vei på framsida av huset, så støypebilen måtte strekke krana si så lang den var, rett over hustaket vårt. Gjett om eg var nervøs!

Alt gjekk heldigvis bra, og her er det foreløpige resultatet. Det ser fortsatt sånn ut, men vi har planer om eit lysthus/badehus/hagestove her. Må berre bli enige med oss sjølve først. ;)

Ingen kommentarer: