lørdag 22. juni 2013

Syrinplassen nesten ferdig

For eit par år sidan starta eg på eit prosjekt
som eg kallar Syrinplassen.
I fjor gjekk eg gravid heile hagesesongen,
så da måtte dei fleste prosjekta mine fint vente eit år til.
Det er ikkje det, ein kan fint jobbe i hagen sjølv om ein er gravid,
men dei store tunge jobbane måtte eg utsette.

Her er altså sjølve plassen:

Eg starta med å grave eit stort hol i bakken som eg fylte med stein. Her kan du sjå meir om forarbeidet og korleis det såg ut før.
Og ja, eg tok å kjøpte større syriner fordi eg ikkje har tålmodigheit
 til å vente på at dei skal vekse seg store.

Vidare har eg lagt heller i forskjellig storleik og farge.
Eg synes det gjev eit litt artig uttrykk. Dette er ikkje ein perfekt sirkel...Eg har verken brukt vater eller laser og ikkje målt avstanden mellom hellene. Ikkje starta eg i midten heller,
så at det vart som det vart er heilt tilfeldig. Alt er på frihand, akkurat sånn eg likar det.

Det som gjenstår no er tre heller i den tredje ringen,
litt meir singel og grov sand mellom hellene, eit par stoler,
så er det klart til å sette seg ned og nyte syrindufta. ;)

Her ser de Syrinplassen frå avstand:

I forgrunnen har eg eit epletre (til venstre),
eit søtkirsebærtre (midt i biletet),
og ein liten åker, om ein kan kalle det det,
som vi i år har sådd gulrøtter i.

Eg trur det kjem til å bli veldig koselig etterkvart som syrinane veks seg saman over plassen. Eg har planta ganske mange syriner rundt,for eg vil ha eit tett og frodig "tak".

Eg valgte å gå for desse tre sortane:

'Mme lemonie'.
Denne blomstrer godt i år.


'Charles Joly'.
Middels god blomstring i år,
men rekner med det vert betre neste år.


'Andenken an Ludvig Späth'.
Den er heller beskjeden med blomstringa,
men rekner også med at den kjem sterkare tilbake neste år.


2 kommentarer:

Ingvild sa...

Elsker syriner! Syrinplassen din kommer til å bli helt nydelig når den vokser seg til. Herlig steinplass, og nydelige syriner du har valgt.

Nina sa...

Ja, går berre å snuser på blomsterklasene eg no. :)