torsdag 21. februar 2013

Siste nytt frå verandaprosjektet

Sjølv om eg har vore gravid og ikkje har blogga på eit år, så har det jo skjedd saker og ting i hagen allikevel. Vi fekk gjort store ting med verandaprosjektet. Det var begrensa kor mykje eg kunne hjelpe til med, men eg var ein ræser med målband og skrumaskin! Her kjem nokre bilete som viser kva vi har gjort til no:


Vi leigde oss ei lita gravemaskin, så fekk mannen leike seg litt med den før vi starta på sjølve bygginga. Det var ein god del jordmasse som måtte fjernast før vi kunne gå videre. Masse som vi for nokre år sidan streva og bar og fylte opp med akkurat her fordi eg absolutt skulle ha det sånn...

Her har vi lagt duk, fylt på med singel, bygd ramma og lagt ein del av dragarane.

Her er det foreløpige resultatet!
Ganske likt sånn eg teikna det, kun små modifikasjonar:

Og mykje betre enn det var før vi starta:


Det kjem etterkvart til å komme ein vegg her også, pluss ei bod og eg drøymer om eit utekjøkken. :)


Ingen kommentarer: