tirsdag 26. april 2011

Frukthagen

 Dette er eit middels stort prosjekt.
På langt nær så stort som trappebærhagen.
Men arbeid må til uansett. Her er frukthagen i mars 2011:

Snøv, men de kan skimte våre to plommetre og vårt epletre.
Nederst på marka ser de foringsplassen for småfuglane.
Epletreet er flytta litt lengre oppover no enn det er på bildet her.


Her er tanken min. Sånn vil eg ha det.
Dette er sett fra samme vinkel som bildet over, berre litt meir fugleperspektiv. Av det som er på bildet her, er det kun frukttrea og thujahekken som eksisterer pr. dags dato. Det skal lagast ein liten sitteplass her også.


Inngangen til frukthagen skal ha ein liten pergola med noko som klatrer, umulig å velge!
Dei fire rhododendronane har eg planta, men ikkje her, så dei skal flyttast. Dei vart kjøpt i fjor, så dei har ikkje "satt seg" endå. Grei sak å flytte dei. Så skal eg legge steinheller til gangsti. Eg har sett eit lite parti med skiferheller som er dumpa i fjøra, lett tilgjengelig, så eg kjem nok til å ta meg ein tur snart for å hente dei.


Det er ikkje så veldig mykje arbeid som står igjen her,
så eg håper dette prosjektet får seg ein skikkelig opptur i år!
OK, litt arbeid er det, men det er arbeid som er overkommelig. :)

Til slutt eit lite oversiktsbilde, sett fra sida
(eine kortenden på huset vårt grenser inn mot frukthagen her på midten):


4 kommentarer:

Frk.Dings sa...

Dette blir flott! Blir spennende å følge! :)

Nina sa...

Tusen takk. :)
Kjekt at du vil følge med på prosjekta mine Frk.Dings!

Oleiv Lene sa...

Hvilket program bruker du når du planlegger? Det var veldig bra visuellt!

Nina sa...

Hei Oleiv Lene!
Visst du går inn på mine prosjekter, så ligg der ein link til programmet. Det er plantasjen sin hageplanlegger. :)