fredag 21. januar 2011

Is og bambus i hagen

Ja, det var litt av ei isbane vi hadde her for ei veke sidan!
Ungane gjekk opp i toppen av skråninga her
og sklei på rumpa heilt oppå altanen som de ser
i underkant av biletet her.
Då eg tok dette biletet var det berre halvparten igjen,
og no har alt smelta.

Det er med andre ord eit stort nedkome av vatn her bak huset.
Vi har heldigvis god drenering rundt huset og
eg har gravd ei veite som går tvers gjennom tomta,
rett under isen her, men det blir mykje vatn uansett!

Heilt i høgre bildekant kan de skimte bambusen eg planta i haust.
Eg trur plasseringa er god med tanke på alt vatnet
som renn ned her. Eg er spent på å sjå om den har
overlevd vinteren, noko som eg trur den har.

Men eg er ikkje heilt sikker på korleis
ein bambus skal sjå ut om vinteren?
Det ser på en måte ut som den er i dvale.
Blada har krølla seg på samme måte
som rhododendron gjer når det er kaldt,
og dei er litt blasse i fargen.
Får bambusen nye blad om våren, eller
beheld den blada heile året?

Mykje eg ikkje veit om bambusen merker eg...
Men eg veit den skal ha mykje vatn! ;D

Ellers så har eg store planer med denne skråninga.
Eg skal ha ein bekk, ein sitteplass på toppen
og eit epletre med blomstereng under.
Det skal bli så fint så! :D

2 kommentarer:

Anne (Moseplassen) sa...

jeg er ingen bambusekspert, men så langt jeg veit så beholder de bladene gjennom vinteren. Om de bytter de ut på våren veit jeg ikke, men tror ikke egentlig det.

Nina sa...

Ok...blada er på enda, men dei er visne. Stammene ser grønne og friske ut, så eg satser på at den er i live. ;)
Takk for kommentar! :)
Mange grå, triste bilder her i det siste, men det er ei grå årstid også da..
Gleder meg til det begynner å spire litt her og der!